Minnemarsj til Botnahytta

Fellestur

Dato
6. oktober kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Botnahytta
Arrangører
Os Turlag, Samnanger Turlag , Os Kommune , Os Sogelag , Samnanger Turlag
Turområde
Byfjellene i Bergen (se kart)

I år er det 75-års jubileum for redninga av 6 kanadiske flygarar som måtte naudlande i Os i 1944.

Dei kanadiske flygarane var på tokt over Nordsjøen, då dei fekk brann i ein motor, og måtte naudlande på Haugland i Os.  Dei kom uskada frå ulukka.  Det hasta med å få gøyme seg, for det var mange tyske vaktstasjonar i området.  Dei vart losa til Bjørnen, derfrå frakta i robåt til Sørstrøno, der dei var i 4 dagar.  Så kom Einar Evensen 1. okt. og henta dei. Turen gjekk frå Sørstrøno til Lønningdal, der Jakob Hjelle, Haldor Øvredal og Helen Mowinckel-Nilsen tok imot dei. Så vart dei rodd over Øvredalsvatnet, før det bar inn dalen og opp Baggjaskaret til Botnahytta.  Her fekk dei nokre fredelege dagar.  Området kalla dei for «Little Canada», då terrenget – naturen likna der dei kom ifrå.

Om kvelden 9. oktober gjekk turen attende til Øvredalen, og 10. okt. kom Lars Orrebakken med motorbåten «Snøgg», og frakta dei til Austevoll.  Her låg dei i 3 dagar før «Shetlands-Larsen» kom med ubåtjagaren «Vigra» og henta dei til Shetland.  Ei ulukke med lukkeleg utfall, takka være gode hjelparar !   

Som ein del av feiringa, arrangerer Os Sogelag og Os Kommune minnemarsj til Botnahytta søndag 6. oktober.  Samnanger Turlag leiar marsjen frå Rolfsvågen, mens Os Turlag leiar marsjen frå Øvredalen. Etterkomarar til dei seks kanadiske flygarane vil vere tilstades.  Og vi håper du og blir med !  Velkomen !

Minnemarsj til Botnahytta

I år er det 75-års jubileum for redninga av 6 kanadiske flygarar som måtte naudlande i Os i 1944. Dei kanadiske flygarane var på tokt over Nordsjøen, då dei fekk ...

Kontaktinformasjon:

  • Jorunn Nytræ (Os) og Niels Bødker (Samnanger)
  • Tlf. Jorunn: 98698699, Nils: 98619481
  • E-post: jorunnytr@gmail.com

Turledere:

  • Jorunn Nytræ
  • Niels Dyrøy Bødker