Bli med på Bjørnafjordtrimmen 2021

Bli med på Bjørnafjordtrimmen. Få poeng ved å gå tur i skog, fjell og mark. Konkurrer mot deg sjølv og andre.
Konkurranseperiode: 1. januar 2021 t.o.m. 31. oktober. Konkurransen er eit samarbeid mellom Os og Fusa Turlag.
For å få poeng må ein registrera seg på ein eller fleire av innsjekkspunkta/turmåla som er beskrevet i BjørnafjordTrimmen. Når du er på innsjekkspunktet, vil det vera mulig å "sjekka inn" (innsjekksknappen blir grøn). Du vil då bli kreditert for å ha nådd innsjekkspunktet/turmålet.
Deltakeravgifta er: 100 kroner for medlemmer i turlaget, og 200 kroner for andre. Bli medlem i Os Turlag eller Fusa turlag. Konkurransen finner du i appen Trimpoeng.
Slik blir du med i konkurransen
Premiering
- Premiar blir trekt blandt alle som har gjennomført minst 3 turer (5 gavekort a 500kr).
- Hovudpremiar blir trekt blandt alle som har registrert seg på minimum 10 ulike innsjekkingspunkt/turmål (10 gavekort a 800kr).
- Premiar blir trekt blandt dei 20 som har flest poeng (2 gavekort a 2000kr).
- Premiar blir trekt blandt dei 20 som har vore på flest turmål. Om det er fleire med like mange turmål, blir deltakarane rangert etter poeng (2 gavekort a 2000 kr)
- Fotokonkurranse. Instagram bilde, merka med #bjørnafjordtrimmen. Beste bilde blir premiert (1 gavekort a 500kr). Merka bilder kan bli nytta av Os eller Fusa Turlag.
- For deltakarar under 16 år, blir det trekt 1 gavekort a kr. 1000,-.
Premiering i november 2021. Gavekortene blir kjøpt hos AMFI Os og Fjorden Senter Eikelandsosen.
Tips ved registrering/innsjekk på turmål
- Åpne appen og trykk på posten du ønskjer å gå til, FØR du starter turen (eller der du veit det er god dekning).
- Du må venta 8 timar før ein får registrert samme innsjekkspunkt ein gong til.
- Dersom du har problem med registrering av "innsjekk" på turmålet, kan dette vera årsaken:
- Eldre telefon med utdatert programvare ( eks. iPhone 4, der programvare oppdatering ikkje er mogleg lenger)
- Varierende GPS-signaler
- Startar appen først når ein står på posten (som betyr at mobil sliter med nedlastning av data hvis det er dårleg dekning/null dekning)
- Du er utanfor innsjekkingsradius på turmålet (mellom 10 20 meter)
- Dersom ein har slått av stedstjenester for appen i innstillingane
Det er ikkje høve til å etterregistrere Trimpoeng dersom ein har gløymt mobilen, eller er tom for straum. Me har diverre ikkje kapasitet til det. Det er berre i høve tekniske problem med Trimpoengappen det blir etterregistrering.