Vi starter opp  Bjørnafjordtrimmen 2022 Lørdag 1. januar !

Foto: Simen Soltvedt

For 3. året på rad, inviterer vi deg til å bli med på Bjørnafjordtrimmen.

Få poeng ved å gå tur i skog, fjell og mark. Konkurrer mot deg sjølv og andre.

Det er fleire nye turmål.  Nokre av turmåla blir ikkje tilgjengelig før på våren pga at det kan være utfordring med snø - is i høgda.

Konkurranseperiode: 1. januar 2022 t.o.m. 31. oktober. Konkurransen er eit samarbeid mellom Os og Fusa Turlag.

For å få poeng må ein registrera seg på ein eller fleire av innsjekkspunkta/turmåla som er beskreve i BjørnafjordTrimmen. Når du er på innsjekkspunktet, vil det vera mulig å "sjekka inn" (innsjekksknappen blir grøn). Du vil då bli kreditert for å ha nådd innsjekkspunktet/turmålet.

Deltakeravgifta er: 100 kroner for medlemmer i turlaget,  og 200 kroner for andre. Bli medlem i Os Turlag eller Fusa turlag. Konkurransen finner du i appen Trimpoeng.

Slik blir du med i konkurransen

Premiering

  • Premiar blir trekt blandt alle som har gjennomført minst 3 turar (5 gavekort a 500kr).
  • Hovudpremiar blir trekt blandt alle som har registrert seg på minimum 10 ulike innsjekkingspunkt/turmål (10 gavekort a 800kr).
  • Premiar blir trekt blandt dei 20 som har flest poeng (2 gavekort a 2000kr).
  • Premiar blir trekt blandt dei 20 som har vore på flest turmål. Om det er fleire med like mange turmål, blir deltakarane rangert etter poeng (2 gavekort a 2000 kr) 
  • Fotokonkurranse. Instagram bilde, merka med #bjørnafjordtrimmen. Beste bilde blir premiert (1 gavekort a 500kr). Merka bilder kan bli nytta av Os eller Fusa Turlag. 
  • For deltakarar under 16 år, blir det trekt 1 gavekort a kr. 1000,-.

Premiering i november 2022. Gavekorta blir kjøpt hos AMFI Os og Fjorden Senter Eikelandsosen.

Tips ved registrering/innsjekk på turmål

  • Åpne appen og trykk på posten du ønskjer å gå til, FØR du starter turen (eller der du veit det er god dekning).
  • Du må venta 8 timar før ein får registrert samme innsjekkspunkt ein gong til. 
  • Dersom du har problem med registrering av "innsjekk" på turmålet, kan dette vera årsaken:
    • Eldre telefon med utdatert programvare ( eks. iPhone 4, der programvare oppdatering ikkje er mogleg lenger) 
    • Varierende GPS-signaler
    • Startar appen først når ein står på posten (som betyr at mobil sliter med nedlastning av data hvis det er dårleg dekning/null dekning)
    • Du er utanfor innsjekkingsradius på turmålet (mellom 10 20 meter)
    • Dersom ein har slått av stedstjenester for appen i innstillingane

Det er ikkje høve til å etterregistrere Trimpoeng dersom ein har gløymt mobilen, eller er tom for straum. Me har diverre ikkje kapasitet til det.  Det er berre i høve tekniske problem med Trimpoengappen det blir etterregistrering.

Overskot av konkurransen går til merking og utbetring av stiar (rydding - lage klopper etc)  i Os og Fusa.


Så ønskjer vi deg eit Godt Turår 2022

Skrevet av Jorunn Nytræ 30. desember 2021