Bjørnafjordtrimmen 2020 trekning

Høglikampen Hagavik, vakkert lys 2 minutt før regnet setter inn
Høglikampen Hagavik, vakkert lys 2 minutt før regnet setter inn Foto: Robert Hausvik

Så er Bjørnafjordtrimmen 2020 slutt - og vi kan kåre vinnere !

Nå er Bjørnafjordtrimmen for 2020 avslutta, og vi takker alle store og små som har vore med, og håper det har vore ein inspirerande faktor i desse spesielle tider. Da korona sette ein stopper for aktivitetar ilag,  12. mars, vart vi oppfordra til å gå ut, være i aktivitet i naturen, og bruke nærområda våre. Og folk har kome seg ut - det har vært glade folk på tur, unge og gamle !  At dei som har vore med på Bjørnafjordtrimmen er blitt endå sprekare enn dei var frå før, er sikkert, og alt i alt trur vi at dette har bidratt til god helse for alle som har vore med !

Bjørnafjordtrimmen har resultert i mange gode opplevingar. Nokon fortel at dei aldri har vore i betre form, kilo har forsvunne, trimpoeng-konkurransen har vore terapi, og ein har møtt mange i same ærend på sjekkpunkta, og fått nye turvenar.  Foto frå turane som har vore med i konkurransen er ca. 2500, så engasjementet har vore høgt.  Noko som og er viktig,  er  at man har kome seg rundt i Bjørnefjorden kommune, og oppdaga kor mange flotte turmål – områder vi har i kommunen, og blitt kjent på nye plasser.  Ein kunne skreve bok om alle historiene folk har fortald om kor ivrige ein har vore i kampen om poenga, konkurranse mot naboen/venn, sjekking av poeng, og seine kveldar ute i marka  for å oppnå mål.  Ja, det har vore mykje latter og glede !  112 turmål var inne på Bjørnafjordtrimmen, i tillegg nokre som vart oppretta i samband med Kom Deg Ut Dagen i februar og september.  841 deltakarar og vel 93.000 innsjekk vart resultatet i trimmen.

Så over til Bjørnafjordtrimmen og trekning av premiane, tilsaman kr. 26.000,-

Dette vart gjort online på Facebook Os Turlag torsdag 12. nov. kl. 18, og svært mange følgde trekningen live.

Suveren vinnar vart Nils Atle Askvik med 35.000 innsjekk,

og han fekk ekstraprisen på kr. 2000,- for sin innsats !

Dei øvrige vinnarane er:

Minst 3 turar – gåvekort på kr. 500

Beate Moberg – Kjersti Elin Rønvik – Tore Øvsthus – Camilla Aavik – Randi Karin Øvreås


10 ulike turar – gåvekort på kr. 800

Katrine Alvsvåg – Alfred Johannes Vindenes – Gunnbjørg Søfteland –       Ranveig Klingsheim – Svein Inge Brimsholm Hovland – Eli Hohanne Håkonsund – Stig Sivertsen – Leva Vanaga – Javier Tveit – Line Askvik Mikkelsen

20 med flest poeng – gåvekort på kr. 2000

Marit Djupvik – Ingvill Bøe Johannessen


20 med flest innsjekk – gåvekort på kr. 2000

Asle Helland – Marit Djupvik


20 med flest turmål – gåvekort på kr. 2000

Jan Tore Aakre – Roger Hoel


Fotokonkurransen Instragram – gåvekort på kr. 1500

Linda M. Dysvik


Me takkar alle som var med,  gode innspel har me fått til neste års konkurranse, og

Det blir Bjørnafjordtrim til neste år og, og frå 1.1. 2021 kan du melde deg på.

Skrevet av Jorunn Nytræ 16. november 2020