TURBOKLUBBEN
Se video om Turboklubben
Turboklubben - et fritidstilbud i Lysefjorden.
Turboklubben er ein friluftsklubb for born i alderen 0–12 år som treffast tysdagar kl. 17:30–19:00 i Lysefjorden og ulike stedar i Os.
Målet er å lære born enkelt og naturvennleg friluftsliv ved å være ute saman, leike, oppleve, undre, utforske og lære om naturen. Byggje bål, bruke kart og kompass, lære om skogens arter, førstehjelp, bruk av kniv, fiske, utemat, krabbefangst og knutar er nokre av tema vi skal innom. Dessuten blir det masse utendørs leik og moro!
Deltakare i Turboklubben må vere medlem i Barnas Turlag.
Turboklubben er hovedsakleg basert i Lysefjorden og det er der dei fleste aktivitetane vil foregå, men sjølvsagt er alle i Os og Bergen velkommen til å bli med oss på turar og aktivitetar. Dei minste borna ynskjer vi skal ha følgje med foreldre. Borna som deltek i Turboklubben er ikkje forsikra gjennom DNT.
Oppmøte
Vanlegvis vil vi treffast utanfor Lysekloster barnehage, men oppmøtestad vil nok variera noko i løpet av vinteran og våren.
Følg med på denne heimesida og på vår Facebookgruppe for kvar borna skal møte opp.
Påmelding
Sjå bildekavalkade frå Turboklubbens turar
Her kan du lese BARNEfjellvettreglene