Påmelding til Jorunn Nytræ, tlf. 986 986 99 pga Corona.
Medlemar har fortrinn
Oppmøte ved Os Næringspark kl. 09:30 avreise med buss til Hatvik - Venjaneset, retur med buss fra Strandvik.
Det kom i gang postføring gjennom Fusa i 1786, som del av postvegen mellom Bergen og Stavanger. Ved kvart postskifte langs ruta låg ein postgard. I Fusa-bygda var dette garden Øpstad. Til Øpstad vart posten rodd over fjorden frå Hatvik. Frå Øpstad vart han ført vidare over den gamle postvegen til Strandvik og postbonden i Vik (lille).
Det vart slutt på postføringa i 1861. Vegen var statleg hovudveg i denne perioden. 1861-1901 var dette den kommunale vegen mellom Fusa og Strandvik. Han vart nedlagd i 1901, då nyetraseen gjennom Vinnes opna. Den siste postbonden av det gamle slaget på Øpstad var Lasse S. Øpstad (1830-1903). Postopneriet i Fusa-bygda vart liggjande på Øpstad heilt til 1984.
Postkasse med loggbok i stikryss på Ludden etter 2 km (290 moh) og Fimlasteinsgarden. Turen er ca. 7 km fra Venjaneset.
Guide på turen er Atle Sagstad
Påmelding til Jorunn Nytræ, 986 986 99