ENDRING for Årsmøtet 2021

Endring for Årsmøte i Os Turlag: NY DATO tysdag 23. februar
Påmelding til Jorunn, tlf. 98698699, pga Korona
Årsmøtet 23. februar for Os Turlag
På grunn av korona restriksjonar, kan vi ikkje halde årsmøte i Eldresenteret, slik vi har annonsert. Det er maksgrense på 10 personar innandørs på møter ennå, og vi trur dette kjem til å vare ei stund fram i tid.
Vi har hatt styremøte, og vi har tenkt nytt. Kva med å halde årsmøtet utandørs, då kan vi være fleire, og med god avstand, skal vi kunne gjennomføre det. Vi er ein friluftsorganisasjon, vane med å være ute, så dette skulle være i vår ånd.
Det blir således årsmøte tysdag 23. februar kl. 18 på Drangebu !
Du må stille godt kledd, og med hodelykt.
Ta med varm drikke, det blir servering av vam suppe osv
Vi må ha påmelding, send SMS til : 986 986 99. Transport til og frå må du ordne sjølv.
Dette kan bli ein magisk kveld, håper på stjerneklar himmel. Vi fyrer opp bålpanne, og håper det blir kjekt. Velkommen !
Det blir vanlege årsmøtesaker:
Val av dirigent og referent
Referat fra forrige årsmøte 2020
Årsmelding for 2020
Regnskap for 2020 og budsjett for 2021
Innkomne foslag
Val
Årsmelding etc. er lagt ut på nettet.

Møsnuken via Linken, og ned til Tøsdalsvegen
Foto: Silje Valla
Klikk her for å skrive tekst.