Arkivert artikkel!

Artikkelen er ikke lenger aktiv og innholdet kan derfor være utdatert.

Turleiarkurs  16. - 17. oktober 2021

Foto: Bengt Arne Johannessen

Laurdag 16. og søndag 17. oktober vart det halde grunnleggande turleiarkurs  arrangert av Os Turlag.

I Os Turlag har vi i haust gjennomførd:

DNT sitt Ambassadørkurs (3 timar kveldskurs) ( 30 deltakarar),  og grunnleggande turleiarkurs over 2 dagar.

For å vere med på  grunnleggande turleiarkurs, må du vere medlem av Os Turlag, ha tatt ambassadørkurs,  og vere over 16 år.

Turleiarkurset går inn på turleiarrolla, formidling, kartkunnskap, kompass, kva tursekken skal innehalde, planlegging av tur og turkultur.

Sist helg, 16. og 17. oktober var vi samla 16 godt voksne medlemar av Os Turlag til  grunnleggande turleiarkurs.  Kurshaldarar var Bengt Arne Johannessen frå Askøy Turlag,  Omar Ole Larsen og Eirik Tysseland frå Bergen Turlag.

Dei fleste av oss har leia turar gjennom mange år,, men har ikkje hatt kursbevis. 

Vi byrja laurdagen i Os Røde Kors sine lokalar med teori i ca. 4 timar, før vi gjekk på Liafjellet, delt inn i 4 grupper, med kart og kompass.  Grådig kjekt, og vi lærte masse ! 

Søndag var vi på Ulven, og langs Ulvenvatnet med kart og kompass.  Her hadde vi og med 4 stormkjøkken, tarp, utstyr for å lage frukost, og ved til bål.  Været var strålande, og vi fekk ein triveleg formiddag.  På slutten av dagen var det attende til Røde Kors sine lokalar for meir teori, før vi fekk utdelt turleiarkurs-bevisa !  Alle besto kurset utan problem !

Det blir eit nytt kurs for 8  frå Os Turlag  i november, og det er fulltegna. 

Vi skal og ha Førstehjelpskurs 10.januar, og her har dei som har gått på turleiarkursa, fortrinn.  Er det mange som ønskjer å ta førstehjelpskurs, ta kontakt med Anne (tlf. 905 76 434) så kan vi setje opp fleire kurskveldar.

Nye turleiarkurs kjem i januar/februar 2022, og då blir det helgekurs.  Vi håper fleire vil ta ambassadørkurset digitalt, og så bli med på turleiarkurs etterpå, så kan du leie turar for turlaget.   

Ta kontakt med Jorunn (tlf. 986 986 99) eller Helge (tlf. 414 00 186) dersom du vil være med.  Vi set opp maks 8 på kvart kurs. 

Foto: Solveig Søviknes

Skrevet av Jorunn Nytræ 25. oktober 2021